Invitasjon til festmiddag – NTL UiB 50 år!

NTL UiB blei stifta som sjølvstendig organisasjon 26 april 1965. For å markera 50-årsjubileet, vil vi gjerne invitera alle medlemmer til å delta på festmiddag i anledning jubileet. Jubileumsmiddagen vert halde på Bergen Scandic City fredag 24.04 frå 1900 og utover.

Det er ein eigenandel på 250,- kroner, kostnaden ut over dette dekker foreininga. Det vert aperitiff, treretters middag med drikke og dansbar musikalsk underhaldning etter bordsetet er ferdig. Det er også høve til å henga i baren og snakka med gamle og nye kjente blant medlemmene. Leiar av NTL John Leirvaag, representantar frå andre NTL-lag i sektoren, universitetsleiinga og fleire gjester har meldt sin ankomst for å feira jubileet saman med oss.

Vi voner så mange som mogeleg har høve til å delta, ein kan melda seg på og betala på https://reg.app.uib.no/ntl2015

Har de spørsmål, kontakt oss på ntl@uib.no eller telefon 55 58 92 84

All informasjon om dette og meir kan finnast på http://ntl.b.uib.no/

NB! NTL UiB har bytta kontorlokale, og kan frå no finnast i 5 etasje i Stein Rokkans hus, Nygårdsgaten 5.

For styret i NTL UiB

Jørgen Melve, leiar NTL UiB

________________________________________________________________

 

NTL UiB was established 26th April 1965. To celebrate our 50 year anniversary, we would like to invite all members of NTL UiB to a celebratory dinner. This event will take place at Bergen Scandic City Friday 24th of April from 7 PM.

There is a fee of 250,- NOK, the union covers costs beyond this. There will be a welcome drink, three-course meal with drinks and musical entertainment you can dance to after dinner. You can also use the bar and talk to new and old friends among NTL-members. The head of NTL, John Leirvaag, representatives from other NTL unions in higher education, leaders of the UiB and other guests will be present to celebrate our anniversary.

We hope as many members as possible will participate, you can sign up and pay at https://reg.app.uib.no/ntl2015

If you have any questions, contact us at ntl@uib.no or telephone 55 58 92 84.

All information on this and other matters can be found at http://ntl.b.uib.no/

NB! NTL UiB has moved its offices, and can now be found at the 5th (Norwegian) floor of Stein Rokkans hus, Nygårdsgaten 5.

On behalf of the board of NTL UiB,

Jørgen Melve, leader NTL UiB

 

 

 

 

One thought on “Invitasjon til festmiddag – NTL UiB 50 år!

  1. Tusen takk for ein gilde fest 24. april 2015!
    Veldig godt å få hilse på kjente. God mat og god drikke med NTLere var kjempefint.
    Hunden Arnold og eg har det ganske bra i Egersund. Det går bedre enn eg trudde…

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*