Hopp til innholdet

NTL UiB om utkastet til ny strategi

Høyringsuttalelse til utkast til strategi for UiB 2016-2022.

NTL UiB takkar for mogelegheita til å koma med innspel til UiB sitt utkast til ny strategi for perioden 2016-2022, «Hav, liv, samfunn», jfr saksnr 2014/1649 og epost av 27.03.

NTL UiB kan i stor grad slutta seg til dei generelle måla for universitetet si verksemd og visjonane for kvar ein ønsker å vera i 2022. Det er imidlertid tvilsomt om alle desse overordna målsettingane er gjennomførbare, ikkje minst dersom dei skal gjennomførast samstundes. Etter vårt syn er det viktig å ha realiserbare målsettingar, så dei ikkje berre vert fjerne stjerner å styra etter, men landemerke ein kan nå fram til i høveleg tid.

I del to, som omhandlar tiltak, ressursar og verkemiddel, er det også mange gode tiltak. Vi noterer oss med glede ting som kompetanse og karriereutvikling for teknisk-administrativt tilsette, synleggjering av kunnskapen, satsing på digitalisering og internasjonalisering. Implementeringa av desse vil by på store utfordringar og vi voner UiB har fokus på realismen i gjennomføring og bruk av tilstrekkelege ressursar for å unngå å utmatta medarbeidarane. NTL UiB ønsker at ein ikkje berre vektlegg fagleg leiing, men også er opptatt av å utvikla kunnskap hos leiarar om lover, reglar og forskrifter som gjeld i arbeidslivet, slik at arbeidstakarane møter leiarar med god kunnskap om arbeidslivets spelereglar.

Til sist vil vi nemna ei grunnleggjande problemstilling som i liten grad vert tematisert i utkastet: handlingsrom for universitetet fører fort til mindre handlingsrom for fagmiljøa. Tunge strategiske satsingar må finansierast, dersom dette skjer ved at ein kuttar budsjetta til grunneiningane, vil det over tid kunne slita ned det lokale handlingsrommet. Det er ein fare for at fagmiljø som ikkje inngår i ei av dei mange klyngene vil bli utarma over tid, noko som vil gå ut over det breddeuniversitetet som er grunnlaget for å kunne satsa også tverrfagleg. Dette gjeld også dei byggjeprosjekta som er aktuelle for fleire av klyngene, det verkar for oss som denne sterke satsinga på bygg kan medføra økonomisk  risiko også for fagmiljøa på UiB som ikkje deltek i klyngene.

NTL UiB meiner det å ivareta dei grunnleggande fagdisiplinane, uavhengig av klynger, eksternfinansiering og eksellens, er ei føresetnad for å vera eit breddeuniversitet som kan dyrka fram framragande forsking frå ulike fagmiljø. Då må grunneiningane ha eit handlingsrom, også dei som ikkje skal inn i klynger eller har tung eksternfinansiering, elles vil manglande nyrekruttering fort føra til at fagmiljøa taper kraft og vert utarma.

For NTL UiB

Jørgen Melve

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *