Hopp til innholdet

NTL UiB sine innspel til styresak om effektivisering i administrasjonen på UiB

Vi har med interesse lest saksframlegget om  «en effektiv administrasjon», sak 119/15, samt tidlegare saksframlegg i budsjettprosessen til universitetsstyret (102/15) og har følgande merknader som uttrykt i drøftingsmøte (jfr Hovudavtalen §12 og §13) med universitetsdirektøren:

 

Prinsipielt sett er frå NTL UiB sitt synspunkt i utgangspunktet det sokalla «effektiviseringskuttet» til regjeringa ein veldig dårleg tanke, ettersom det rammar flatt, utan omsyn til kor effektivt ein driv verksemda si i utgangspunktet. Vidare er dette eit kutt som rammar universitet meir enn andre statlege verksemder, siden mindre av vår verksemd er administrasjon, mens kuttet er 0,5% av alle inntekter frå staten. Som arbeidstakarorganisasjon respekterer vi sjølvsagt politiske vedtak uavhengig av klokskapen i dei, og vil bidra til at gjennomføringa vert så god som mogeleg både for tilsette og universitetet som heilskap.

 

NTL UiB er positivt innstilt til at alle arbeidsprosessar på UiB vert utført så effektivt og rasjonelt som råd er. Den einskilde tilsette ønsker seg jo meiningsfylte arbeidsoppgåver, og ein ineffektiv administrasjon vil ikkje berre vera eit hinder for arbeidet til vitskapleg og teknisk tilsette, men også medføra frustrasjonar for administrativt tilsette. Her har vi alle same mål.

 

Om talgrunnlag og saksframlegg
I saksframlegget framstår det denne gong, som sist, som høgst uklart kva ein meiner med «administrative stillinger». Etter talgrunnlaget å døma, har ein her rekna inn absolutt alle ikkje-vitskaplege stillingar, slik at alt frå det som er er definert som administrasjon (saksbehandling og kontor), via driftsstillingar til ingeniørar av alle slag, vert rekna inn i potten av «administrasjon». Det framstår for oss som merkeleg å rekna labingeniørar på Mat.Nat med i oversikten over administrasjon som skal kuttast.

 

Vi går ut frå det er tilsette på grunnbevilgninga som er relevante her, ikkje eksternfinansierte. Dersom ein då held seg til reint administrativt tilsette, er det 820 slike stillingar pr 01.10 2015. Då vert ei nedbemanning på +/- 60 årsverk ein vesentleg andel av dei tilsette. Likeeins vil talet på forventa naturleg avgang minka om ein avgrensar seg til denne gruppa. Ved å rekna inn «alle utanom vitskapleg tilsette», kjem ein i 1476 årsverk, og dermed ein prosentvis nedbemanning av ein anna størrelse.  Her ventar viktige avklaringar i den vidare prosessen når det gjeld kva krets av tilsette ein ser for seg avgangar skal tas innan. Sjå oversikt i DBH for alle tal

 

NTL UiB merker seg at innsparingane er uttrykt i kroner, ikkje årsverk, og vil bemerka at det i seinare tid har vorte tilsett ei rad særs godt betalte administrativt tilsette, ikkje minst gjeld dette personar som arbeider tett opp mot universitetleiinga. Èi slik stilling tilsvarer lønsmessig to stillingar med folk som arbeider med tjenesteproduksjon tett opp mot tilsette og studentar.

 

I saksframlegget heiter det: «Hvert år i perioden 2011-2014 har antall administrative stillinger ved UiB økt.» Dette kan vi ikkje sjå er heilt korrekt. Frå 2012 til 2013 gjekk talet på administrativt tilsette (både kjerneadministrasjon og «alle andre grupper enn vitskaplege») ned medan talet på vitskapleg tilsette auka. I perioden 2011 til 2015 totalt har tilsette på grunnbevilgninga auka med 216 årsverk, herav 113 årsverk med vitskapleg tilsette. (For alle, inkludert eksternfinansierte, er auken 255 årsverk, herav 150 vitskaplege.) Generelt har talet på administrativt tilsette auka, men halvparten av auken i stillingar utanom vitskapleg tilsette gjeld teknisk tilsette, særleg ingeniørar av ulike slag. Utviklinga på UiB har soleis ikkje vore dramatisk i retning av meir administrasjon.

 

Nedbemanning utan oppseiingar
NTL UiB meiner heile universitetet vil tena på å gje ein garanti om at ingen tilsette skal seiast opp på bakgrunn av effektiviseringsprosjektet. Med det talet på årsverk det er snakk om å spara inn, er det for oss umogeleg å sjå at det skal vera aktuelt eller gjennomførbart med oppsigelsar pga dette. Med dei pliktene ein arbeidsgjevar har når det gjeld å tilby eventuelle overtallige anna passande arbeid og kompetanseheving for å kunne ta på seg anna ledig arbeid, er oppsigelsar uansett uhyre lite aktuelt. Å ikkje gje ein slik garanti i klartekst, vil berre spreia uvisse hos mange personar som i realiteten ikkje har noko å frykta når det gjeld eiga framtid. Vi ønsker oss difor ei formulering i vedtaket om at «Ingen tilsette på UiB skal seiast opp som ein følgje av denne effektiviseringsprosessen».

 

Vegen vidare
Vi ser det som avgjerande at prosessen framover involverer tett og nær kontakt med fagforeningane som skissert i saka, og at ein kan etablera klare retningslinjer for kva som no skal prioriterast bort i organisasjonen. Med færre tilsette vil ein måtte bruka mindre tid på nokon av tinga ein i dag gjer, og då må leiinga ta eit tydeleg ansvar for prioritering, slik at det ikkje vert opp til den einskilde tilsette å håndtera denne problemstillinga.

 

Vi vil også minna om at arbeidsoppgåvene i administrasjonen grovt sett kan inndelast i:

* lovpålagte byråkratiske oppgåver og ekstern rapportering

* internrapportering og kontroll

* arbeid for vitskapleg tilsette

* arbeid direkte retta mot studentar.

 

Lovpålagte oppgåver kan vi i liten grad spara inn ressursar på: rammene som er gitt ved Universitets- og høgskulelova, Tjenestemannslova, Forvaltningslova og Offentleglova gjev ikkje rom for unntak pga økonomiske prioriteringar. Ressursar til internrapportering og -kontroll, kan truleg sparast inn på ein del, men det fordrar større grad av tillit frå toppen av organisasjonen og nedover. Service for vitskapleg tilsette og studentar kan sjølvsagt reduserast, men dette går fort ut over nettopp kjerneverksemda til universitetet. Det er då vesentleg å identifisera måtar tilsette kan utføra arbeidet sitt på med mindre ressursbruk enn i dag.

Vi ser fram til eit fortsatt fruktbart samarbeid med universitetsleiinga for å halda den foreståande prosessen i eit spor som fører til gjennomtenkte og rasjonelle avgjerder til beste for UiB som heilskap.

Vennleg helsing
Jørgen Melve

Leiar NTL UiB

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *