Mekling mot midnatt – lønsoppgjeret i staten inn i siste fase.

Lønsoppgjeret i staten er inne i sin siste dag av meklinga. Akademikerne har som einaste hovudsamanslutning akseptert eit tilbod frå staten der fagforeningane ikkje har innverknad på framtidige pensjonsordningar for statsansatte og der all lønsvekst skal skje gjennom lokale forhandlingar. LO (som NTL er ein del av), YS og Unio er i mekling. Dette tyder at dei tre no vil prøva å verta samde med staten om ein ny hovudtariffavtale. For NTL er det vesentlig å ha noko lønsauke bestemt i sentrale oppgjer.

Det å ha alle tillegg i lokale forhandlingar, har ei rekke store ulemper:

  • Dei som ikkje får lokale tillegg, går reelt ned i løn pga prisstigning.
  • Det vert umogeleg å løfta definerte grupper på landsbasis, som t.d når tilsette med mastergrad har fått auka minstelønna eller når førsteamanuensis gjekk over frå lønsspenn til å vera i ei lønnsramme med lønsvekst etter tjenestetid. Alle slike sentrale lønnsløft vil ta slutt.
  • Forskjellane aukar internt på universitetet. All erfaring med lokale forhandlingar er at det går relativt sett mest til dei som tener mest frå før.
  • Vi har ikkje streikerett i lokale forhandlingar, dermed mistar vi innverknad på fordelingsverknader av lønstillegg.

Dersom organisasjonane ikkje får reell innverknad på pensjonsendringar i staten, risikerer vi at Stortinget vedtek endringar som har stor innverknad på våre framtidige pensjonar, og neppe i ei retning som gjev meir til den vanlege tilsette.

Meklingsfristen går ut natt til 26. mai. I morgon tidleg vil vi vita om det vert streik eller ikkje.

Dersom det ikkje vert semje, vert det streik frå 26 mai, der LO har tatt ut 3270 statstilsette. NTL UiB er ikkje tatt ut i denne omgang, men alle forbund som er ein del av hovudorganisasjonar i konflikt, er i konflikt.

Ved UiB er det i denne omgang UNIO (Forskerforbundet) som har tatt ut folk. Dersom NTL tar ut nokon i streik på UiB ved opptrapping, vil dei som skal streika få beskjed om dette direkte. I denne omgang er det vesentleg at de som ikkje streikar, ikkje tar over arbeidsoppgåver frå dei som er i streik.

Blir det konflikt frå i morgon, sluttar vi som fagforening å møta i alle organ for medbestemmelse, dvs Forhandlingsutvalet, lokale IDU, styringsgrupper m.m. Meir informasjon følger i morgon dersom det vert konflikt

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*