Hopp til innholdet

Styret i NTL UiB tilrår ja til lønsoppgjeret i staten.

Lønsoppgjeret er ferdig, og alle medlemmer skal no ha fått tilsendt e-post og/eller sms om korleis ein tek del i uravstemninga. Ei uravstemning er ei mogelegheit for medlemmene til å seia si meining om resultatet av lønsoppgjeret. For at forbundet skal vita kva medlemmene meiner, er det vesentleg at medlemmer seier si meining i slike saker. Styret i NTL UiB oppmodar på det sterkaste alle til å delta i denne avstemninga.

Vi tilrår også medlemmene å stemma ja til resultatet. Ikkje fordi dette er eit godt resultat for NTL og LO Stat, men av di vi anser at dette resultatet er det beste vi kunne oppnå i dagens situasjon og at nokon viktige prinsipp har vorte ivaretatt i avtalen vi har fått.

Vi kunne t.d. ønska oss ein større andel i sentrale tillegg og større tillegg til dei i lågare lønstrinn. Men vi har behalde ein felles tariffavtale for alle andre enn Akademikerne, det har ein verdi i seg sjølv. Dersom vi ikkje sto saman med Unio og YS, kunne vi fått fire ulike tariffavtalar og dertil høyrande kaos, eller ein situasjon der vi var einaste organisasjon i streik. Vi har også fått moderert mandatet for arbeidsgruppa som skal utgreia eit nytt lønnssystem i staten. I ein situasjon der staten har gått aggressivt til verks for å bryta ned statens lønnssystem og fordela alle lønstillegg lokalt, vart resultatet til sist ei 50/50-deling av sentrale og lokale tillegg.

Vår vurdering er difor at dette resultatet er bra nok til at vi kan anbefala medlemmene å stemma ja. Vi har sikra ein viss lønsvekst for alle gjennom sentrale tillegg, og dei lokale tillegga skal fordelast i forhandlingar der NTL, YS og Unio forhandlar med arbeidsgjevar.

Ein del praktiske spørsmål knytt til situasjonen med to tariffavtalar er enno uklare, vi kjem tilbake med informasjon om korleis desse skal håndterast når vi har fått dei naudsynte avklaringane. (Til dømes er det no slik at det finst to variantar av alle lønstrinn, ein for medlemmer i LO, YS, Unio og uorganiserte, ein annan og lågare for medlemmer av Akademikerne)

 

For å avgje stemme, gå til https://compendiamedlem.no/Avstemning/ntl/Avstemning.nsf

Avstemminga er open fram til 16.06 kl 1200.

For meir informasjon om resultatet i lønsoppgjeret i staten, sjå https://www.ntl.no/nyheter?p_document_id=134959

http://www.lostat.no/getfile.php/1310922/Filer/Tariff%202016/Lopeseddel_losning_i_staten__endelig.pdf

eller heile resultatet på

https://www.regjeringen.no/contentassets/a95403d0c2634ae58d7a2abc1f75ec6d/riksmeklers_moetebok_260516.pdf

 

Har de elles spørsmål, send epost ntl@uib.no

___________________________________________________________

Framgangsmåte avstemning:

Slik kan du stemme

Det finnes tre ulike måter å stemme på:

  1. Følg lenken i tilsendt sms (forutsetter at du har registrert mobilnummeret ditt hos NTL). Den logger deg automatisk inn i uravstemningsmodulen.
  2. Gå til https://compendiamedlem.no/Avstemning/ntl/Avstemning.nsf og logg inn med medlemsnummer som brukernavn og fødselsdato (ddmmåå) som passord
  3. Skriv en sms med NTL ja/nei medlemsnummer fødselsdato, f.eks NTL ja 7514492 130780 og send dette til 26112

Medlemsnummeret ditt finner du på medlemskortet. Det starter med 75 og kan ha alt fra tre til åtte siffer. Fødselsdatoen skriver du på formatet ddmmåå. Det skal ikke være noen mellomrom eller andre tegn innimellom sifrene, verken i medlemsnummer eller i fødselsdato.

______________________________________________________________

For NTL UiB

Jørgen Melve, leiar

Berit Storaker, nestleiar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *