Hopp til innholdet

Vellukka sommertur med NTL UiB

 

image

Onsdag 15.06 var det tid for den årvisse sommerturen for NTL UiB. På grunn av nokre seine sjukdomsforfall var ikkje bussen heilt full, men rundt 50 medlemmer var klare for tur. I år gjekk turen til Herdla, der vi fekk omvising i museet og fekk sjå eit eksemplar av det klassiske tyske krigsflyet Focke Wulf 190. Deretter gjekk turen til torpedobatteriet, ein del av det norske kystforsvaret som fram til 2001 skulle beskytta Norge mot angrep frå sjøen. Der kunne vi sjå både eldre og nyare utgåver av torpedoer som skulle kunne senka skipa ute i fjorden, og fekk informasjon om utviklinga til kystforsvaret frå andre verdskrigen og fram til nedlegginga av denne forsvarsgreina. Blant deltakarane på turen viste det seg å vera folk med kompetanse både på krigsfly frå andre verdskrigen og mekanikk som er i bruk i torpedoar, det har sine fordelar å organisera på tvers av utdanning og bakgrunn!

Deretter gjekk turen til «Biologen», UiB sin gamle forskningsstasjon som no er restaurant med eit godt tilbod av ymse grillmat. Folk spiste, koste seg i sola og prata med kvarandre. Til sist måtte dei uthalda litt informasjon frå leiinga om situasjonen med to tariffavtalar i staten og stadige omstillingar på UiB, men det verka det som dei tok med godt humør. Det einaste klagemålet som vart notert, var at avreisa kom litt brått på og at mange kunne tenka seg å sitta enno litt lenger i sola i nydelige omgjevnader.

Det var mange høve til interessante samtalar med medlemmer med ulik bakgrunn og ulike interesser, leiinga vil berre takka for alle engasjerte medlemmer som både tok turen og kom med innspel av alle slag. Det ser ut som finværet rettar seg inn etter sommaravslutningane våre, så vi voner det held fram også for framtida!

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *