Hopp til innholdet

Resultat lokale forhandlingar 2016

Lokale lønsforhandlingar 2016

I det sentrale lønsoppgjeret vart partane samde om at ein skulle ha lokale forhandlingar i alle statlege verksemder. Det vart sett av 1,5 % av lønsmidla i verksemdene til dette formålet for tariffavtalen som gjeld LO Stat (NTL m.fl), Unio og YS, medan det vart sett av 2,3% av lønsmidlane i tariffavtalen som gjeld Akademikerne (siden dei fekk mindre generelle tillegg sentralt). For UiB vil det seia at ein har fordelt 32,2 millionar i desse forhandlingane. Dei som har fått lønsopprykk, får dette med verknad frå  1. juli – normalt blir dette etterbetalt på desemberlønninga.

Forhandlingane foregår slik at arbeidsgjevar (ved dei ulike einingane) prioriterer arbeidstakarar ut frå kriteria i den lokale lønspolitikken, sjå denne på nettsidene http://ekstern.filer.uib.no/poa/Lonnspolitikk/Lonnspolitikk%20for%20UiB.pdf, organisasjonane framfører sine krav, og så set alle organisasjonane seg ned med arbeidsgjevarane gjennom mange møte og kjem fram til eit resultat.

1776 personar fekk tillegg i dei lokale forhandlingane når vi tel med dei av Akademikerne sine medlemmer som fekk justert lønstrinna sine opp til vårt nivå, men ikkje fekk tillegg utover det. Blant dei var mange dyktige NTL-medlemmer som fekk gjennom heile eller delar av krava sine. Vi oppmodar alle våre medlemmer til å senda lønskrav når det er lokale forhandlingar, og ser at mange av dei som har gjort det har fått auka løn som resultat.

Det var imidlertid også mange som ikkje fekk gjennom krava sine, også her er det mange dyktige folk med gode krav, men det er ikkje rom for alle sjølv om det i år var ein heil del pengar til fordeling. På UiB er potten delt på førehand i ein gitt nøkkel mellom vitskapleg tilsette og tekniske og administrativt tilsette. Mange stader fører dette til at det er vanskeleg å finna rom for teknisk/administrative krav ein elles gjerne kunne tenka seg å støtta.

Alle som tek del i lokale forhandlingar har taushetsplikt om alt som vert sagt frå dei ulike partane i forhandlingane. NTL kan difor ikkje opplysa om kvifor folk ikkje har fått, ikkje har fått så mykje som ein ønska seg eller har fått lønsauke og/eller stillingskodeendring. Vi kan heller ikkje opplysa om våre eigne eller arbeidsgjevars prioritering av den einskilde.

Alle arbeidstakarar har imidlertid rett til ein årleg lønssamtale, jfr Hovedtariffavtalen. Her vil det vera naturleg med ein dialog om korleis den einskilde tilsette kan betra utsiktene sine til lønsauke, kva forventningar arbeidsgjevar har og korleis ein kan få til ei god utvikling av løn, arbeidsoppgåver og karriere.
Protokollen frå lønsforhandlingane som de  får tilsendt pr post, er offentleg.  Alle medlemmer i NTL får eitt eksemplar, og dette er til personleg bruk for medlemmene. Du skal ikkje gje ut denne informasjonen til kollegaer i andre organisasjonar eller uorganiserte. Dei som ikkje er med i NTL og vil ha denne informasjonen, må enten melda seg inn (som vi jo føretrekk) eller kontakta sin eigen organisasjon med spørsmål.

Ta kontakt dersom de har spørsmål eller innspel, vi er alltid glade for å høyra frå medlemmene, det er dykkar interesser vi skal arbeida for, og då må vi også vita kva de meiner om ting!
The involved organizations in the central wage negotiations agreed that there would be local wage negotiations this year, and set aside 1,5% of the total wages for this purpose for those covered by the basic agreement for NTL, Forskerforbundet and Parat, while 2,3% was set aside for thos covered by the basic agreement for “Akademikerne” (as a concequence of their getting less centrally negotiated raises). At UiB, this means that we have allocated 32,2 million NOK in these local negotiations. For those who got raises, they take effect from July 1st  and will normally be back payed in the December wages.

The negotiations are structured so the employers (at all different units at the university) priorities employees base on the criteria of the local wage policy (available on http://www.uib.no/en/foremployees/50222/support-services-and-resources-hr). The different unions then present their wage demands on behalf of their members and all unions sit down with the employers to negotiate through a lot of meetings and reach a result.

1776 persons got raises in wage and/or titles in the local negotiations this year, including those members of “Akademikerne” who got  their pay grad adjusted to our levels, but no raises apart from that.. Among these were many good and hardworking members of NTL who achieved some or all of their wage demands. We encourage all members to present wage demands when there are local negotiations, and see that a lot of those who do get increases in their wages.

However, there are always also a lot of people who don’t have their wage demands fulfilled, among them a lot of excellent employees. There will never be room in local negotiations to give everyone what they deserve. At UiB, the total sum to be distributed in local negotiations is divided in given percentages to allocated to «scientific staff» («faculty») and technical and administrative staff («staff») based on total wages for the different groups. This means that it may be difficult to find money to staff, even if the percentages this year were somewhat modified if favour of staff.

All participants in the negotiations have to observe the rules of confidentiality about all information exchanged between the parties. This means that NTL cannot tell individual members why they did not get a raise, did not get as large a raise as they applied for or did not get the change in title they wished. We are also not able to comment on our or employers’ priorities of different individuals.

However, all employees are entitled to a yearly meeting with their nearest leader about their wage development. This will be a natural arena to have a dialogue about how the individual employee can better their chances for wage raises, what expectations the employers have and how to get a positive development of wages, tasks and career.

The results from the local negotiations you get in a printed version, is public. All members of NTL get one copy for the personal use of members. You are not to give this information to colleagues in other unions or unorganized employees. Those who are not members of NTL, and want this information, can either join NTL (our preferred option) or contact their own union.

Please contact us if you have questions or opinions, we are always glad to hear what our members think. Our job is to work for your interests, and in order to do so, we need to know your opinions.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *