Medlemskurs i Praha – 06 – 08 september

Invitasjon til medlemskurs NTL UiB i Praha.

Meld deg på: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=3663801

NTL UiB arrangerer medlemskurs 6-8 september i Praha. Vi flyg ned onsdag 6, og vender tilbake fredag 08 september eit stykke ut på kvelden. Innleiarar vert

  • Thomas Sandvik, forbundssekretær NTL sentralt
  • Arvid Ellingsen, spesialrådgjevar i LO
  • Mari Helen Varøy, sektorsekretær
  • Berit Storaker, nestleiar NTL UiB og Jørgen Melve, leiar NTL UiB.

Det detaljerte programmet kjem seinare, men vil mellom anna omhandla

  • «LO og høgare utdanning»
  • «Staten som arbeidsgjevar – kva skjer i neste stortingsperiode?»
  • Samarbeidet mellom NTL-foreningar innan høgare utdanning,
  • UiB som arbeidsgjevar i perioden som kjem
  • Verving.

Pga reisemålet og behov for felles spising under seminaret, må vi ta ein eigendel på 500 kroner. NTL betaler reise og opphald, samt lunsj torsdag og fredag for alle deltakarar.

VI treng oversyn over påmeldte innan slutten av neste veke, meld dykk på no om de ønsker vera med! Eigendelen må innbetalast før avreise – nærare dato kjem.

Det er 40 plassar tilgjengelege. Dersom det vert fleire påmeldte enn det er plass til, vil vi trekka ut kven som får plass. Nokon må dela rom, svar i skjemaet på kven som kan og ikkje kan dette.

Avreise vert 1025 onsdag 06 september, og retur 1905 fredag 08 september (framme i Bergen 2115). Medlemskurset finn stad på Hotel Embassy i Praha: http://www.hotelembassyprague.cz/en/

Deltaker søker arbeidsgiver om permisjon med lønn etter Hovedavtalen i staten § 40 – men pagaweb er ikkje oppdatert, skal de søka der, bruk der det står “Hovudavtalen §34”.

Har du spørsmål, kontakt ntl@uib.no

Meld deg på: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=3663801

 

 

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*