Kva kan NTL UiB gjera for deg?

I tillegg til gode forsikringsordningar og eit sosialt fellesskap, er det først og fremst tre område der NTL UiB kan vera til nytte for deg som medlem. Lønn, medbestemmelse og personalspørsmål:

Lønn.

Av naturlege grunnar synes dei fleste tilsette at lønn er viktig. Det er jo lønn ein skal leva av, og då er det vesentlig å ha ei lønn ein kan leva av, og som ein opplever som rimeleg og rettferdig. NTL UiB kan bistå deg som medlem på ein rekke måtar.

Ved tilsetting: Når du får tilbod om ei stilling på UiB, vil du få eit tilbod om lønsplassering. Dersom du lurer på korleis tilbodet du får er sett i høve til dei andre som har liknande stillingar, kan vi opplysa deg om dette. Dersom du ønsker å be om høgare løn enn arbeidsgjevar tilbyr, vil vi bistå deg i korleis du går fram og argumenterer for dette.

I lokale lønsforhandlingar: Dei åra det er lokale lønnsforhandlingar, fremmer vi krava på vegne av våre medlemmer, og argumenterer for våre medlemmers krav i forhandlingsmøta. Dette arbeidet tek vi svært seriøst, alle søknader vert gjennomlesne av fleire styremedlemmer før forhandlingsdelegasjonen tek med seg innspela og argumenta inn i forhandlingsmøte. Du kan fremma krav om lønsauke, og for tekniske og administrative stillingar også om endring av stillingskode dersom det er ting ved arbeidet ditt som tilseier dette. Vi forhandlar deretter på dine vegne i møte med arbeidsgjevar og står på for at flest mogeleg av våre medlemmer skal nå fram med sine krav.

I ekstraordinære lønsforhandlingar. (Dette er det ein kallar 2.3.4-saker, etter namnet på paragrafen om dette i Hovudtariffavtalen) Dersom det t.d har skjedd endringar i dine arbeidsoppgåver, du har ytt ein ekstraordinær innsats eller har fått konkret tilbod om stilling og løn ein annan stad enn UiB, kan løna di endrast etter forhandlingar. Slike forhandlingar vert avgjorte i Forhandlingsutvalet, som har møte kvar fjortande dag gjennom semestra.

I tillegg kjem NTL UiB med innspel til forbundet sentralt om kva vi vil prioritera i dei sentrale lønnsforhandlingane. Innretninga på tariffoppgjera er vesentlige for fordelinga av inntektsauke mellom ulike grupper, og vi meiner at alle tilsette skal kunne få ein lønsvekst i dei sentrale lønsforhandlingane.

Medbestemmelse:

Arbeidstakarane i staten skal på linje med tilsette andre stader ha innverknad på sine arbeidsvilkår. Dette vert sikra gjennom medbestemmelsesapparatet. På UiB har vi organisert dette i lokale Informasjons- og drøftingsutval (IDU) ved dei ulike einingane, dvs på fakulteta, på Universitetsmuseet, på UB og i sentraladministrasjonen samt det sentrale Forhandlingsutvalet.

Hovedavtalen i staten regulerer kva saker tillitsvalde skal informerast om, kva saker som må formelt drøftast med tillitsvalde og kva saker som er gjenstand for forhandlingar mellom arbeidsgjevar og tillitsvalde. Representantane i lokale IDU ivaretar medlemmenes interesser i spørsmål som angår dei tilsette ved ei einskild eining og som kjem inn under informasjon og drøfting. NTL UiB er representerte i alle dei lokale IDU. For ein oversikt over medlemmene ved ulike einingar, sjå nettsidene til dein

Det sentrale Forhandlingsutvalet  ved UiB håndterer alle saker som formelt skal forhandlast, samt informasjon om, og drøfting av saker som angår tilsette ved fleire einingar på UiB. Her har NTL UiB to representantar, som oftast møter leiar og nestleiar. Alle saker om lønnsendringar utanom regulære forhandlingar vert handsama her, samt alle omstillingar. I tillegg får vi jamnleg informasjon om planar UiB har for verksemda som vil få betydning for tilsette.

Personal- og tilsettingsspørsmål.

Nokon gonger oppstår det situasjonar i arbeidsforholdet der du som medlem ønsker bistand frå fagforeninga di. NTL UiB har godt skolerte tillitsvalde som, med hjelp frå hovedkontoret i Oslo dersom det trengs, kan bistå i slike situasjonar. Kanskje lurer du på om du har rett til å få utvida ei deltidsstilling, kanskje har det oppstått ei konflikt på arbeidsstaden.

Nokon gonger kan ein vera usikker på kva rettar og plikter ein har som midlertidig tilsett eller i ein vanskeleg situasjon på arbeidsstaden. Det er mange slike situasjonar der det kan løna seg å kontakta oss for ei uavhengig vurdering av situasjonen, råd om framgangsmåtar eller for å ivareta dine interesser i møte med arbeidsgjevar.

Vi håndterer i størst mogeleg grad slike saker sjølve, ettersom vi trur det har verdi at vi som lokale tillitsvalde kjenner arbeidsstaden og folka. Difor er det kun i nokre kompliserte saker at vi bed om bistand frå hovudkontoret i Oslo – vi trur på å løysa saker gjennom konstruktive lokale prosessar snarare enn ved bruk av juristar.

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*