Hopp til innholdet

Frå arkivet – verving av ungdom i 1966

 

 

 

 

Allerede tidleg i NTL UiB si historie såg ein nytten av å verva nye medlemmer, og spesielt dei unge. Med dåtidas teknologi var det stensilar som vart lagt i posthyllene til folk som var måten å nå fram til folket på. Om vi skal gjenta dette i dag, vert det nok epost – og ei lett modernisering av språket. Det er jo snedig å begynna med at vi går ut frå at folk er uorganiserte på grunn av «manglende opplysninger om NTL».  Men argumentasjonen står seg: «NTL er uten tvil den forening som har oppnådd mest for sine medlemmer».

I tida framover skal NTL satsa på NTL Ung, men allerede dengong var det viktig å nå ungdommen – så får vi sjå om salgsargumentet også i dag skal vera at «[du] vil treffe jevnaldrende kolleger i et hyggelig og kammeratslig miljø». (Det er mogeleg at det er den sokalla LO-uttalen som gjer at ein må ha dobbel konsonant her).

verving 1966

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *